Close

Journal

    Projects

    Portfolios

    Sommeråpent i Galleri Ellingstova på Molnes, Vigra

    June 28, 2021

    Velkomen til Ytste Molnes, og årets Sommerutstilling!

    Vi viser Rune Werner Molnes' fotokunst over to etasjar i Vigras kanskje eldste laftahus, ute i havgapet, på terskelen til Molnes naturreservat.

    Bileta som vert stilt ut i år viser eit tverrsnitt av kunstnarverket til Molnes’ dei siste 20 åra. Motiva er frå Island, Vestland og Nord- Norge med hovud fokus på landskap og bygningar på veg tilbake til naturen - sistnemnte frå prosjektet ”Entropi”. Til hausten stiller han ut motiv frå dette prosjektet hos Galleri Fold i Reykjavik.

    I år prøver vi noko nytt og held ope to søndagar i staden for éi helg, hhv. 4. og 11. juli, begge dager kl 12-20.

    Molnes' kunst har vorte utstilt ved mellom anna Kunstmuseet KUBE under Vestlandsutstillingen, innkjøpt til Japans Konsulat samt til private og offentlege samlingar. Kunsten til Rune er representert hos leiande galleri i byar som Reykjavik, Bergen, Trondheim, Stavanger og Oslo.

    Galleri Ellingstova ligg ca. 5 min køyring forbi Ålesund Lufthavn.

    Ring oss gjerne på tlf. 911 83 399 eller send oss ei melding her på sida dersom du skulle lura på noko.

    Direkte lenke til arrangementet på FB: https://fb.me/e/2x7TxDyHi