Close

Journal

    Projects

    Portfolios

    Exhibition in Gallery Ellingstova

    November 15, 2018

    Sidan oppstarten i 2010 har Juleutstillinga i Galleri Ellingstova vore ein årleg tradisjon, einaste unntak var i fjor da det i staden blei desember- utstilling ved Kultursenteret på Alnes.

    I år held vi opent laurdag og søndag 24.-25. november, kl. 12-18 laurdag og kl. 12-21 søndag. (Gratis inngang).

    Nytt i år er at vi har gått til innkjøp av ei kunstvugge, der vil vi ha utstilt 30 bilete som vil være til sals utan ramme. I tillegg viser vi kunst over to etasjar: Totalt. ca. 60 bilete i større og mindre format.

    Som en introduksjon av kunstvugga trekk vi ut éin heldig vinner av eit fotografi frå kunstkrybba. Einaste som krevjast for å være med er at ein blar igjennom bileta i vugga og notere ned sitt favoritt- motiv på lista.

    Besøkande vil mellom anna kunne sjå bilete frå prosjektet «Entropi» som blei utstilt under fjorårets Vestlandsutstilling ved Kunstmuséet KUBE. I tillegg vil dykk kunne sjå motiv frå Giske Kommune, Nord-Norge og Island.

    Besøkande til galleriet vil nok, i tillegg til kunsten, sette pris på den gode stemninga som dette trehuset frå 1740 byr på, i tillegg til kaffi og noko godt attåt. Ytste Molnes byr også på flott natur.

    Hjarteleg velkomne skal dykk vere!


    Årets plakat